Bekaa Kafra

(Omdirigert frå Bekaa kafra)

Bekaa Kafra (arabisk بقاع كفرا) er ein landsby i Bsharri distrikt i nordlege Libanon. Bekaa Kafra ligg like ved Bsharri på andre sida av Kadishadalen. Han er fødestaden til St. Charbel. Bekaa Kafra ligg i ei høgd frå 1450 m til 1620 m og er ein av dei høgastliggande i Libanon. Bekaa Kafra har kring 360 innbyggjarar.

Bekaa Kafra
بقاع كفرا
landsby
Bekaa Kafra winter.jpg
Bekaa Kafra i vinter
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Bsharri distrikt
Høgd 1 450−1 620 moh.
Koordinatar 34°14′25″N 36°00′10″E
Folketal 360
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961

Bekaa Kafra
34°14′25″ N 36°0′10″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bekaa Kafra

EtymologiEndra

Namnet Bekaa Kafra kjem frå assyrisk og tyder «Samfunnet på den flate staden».

KllimaEndra

Bekaa Kafra har eit middelhavsklima med varme, tørre somrar og kalde, snørike vintrar. Temperaturen om vinteren er normalt kring 0 °C i januar og februar, og litt høgare i mars, men kan stundom falle til -12 °C. Temperaturane om sommaren er kring 21 °C, men kan nå over 30 °C i juli og august. Sjølv på sommaren kan temperaturen falle til 7 °C om natta. Om vinteren kan snødjupna stundom verte 3 meter.

KjelderEndra