Guds seder (arabisk أرز الربّ, Horsh Arz el-Rab) er ein av dei store skogane med libanonseder (Cedrus libani ) som voks i Libanonfjella i antikken. Tømmeret frå skogane vart utnytta av assyrarar, babylonarar og persarar, i tillegg til fønikarane. Skogen var lovprisa av egyptarane for skipsbygging; Det osmanske riket nytta òg treverket i jernbanebygginga.[1]

Ouadi Qadisha (den heilage dalen) og Guds sederskog (Horsh Arz el-Rab)
verdsarv
Land  Libanon
Del av Ouadi Qadisha (the Holy Valley) and the Forest of the Cedars of God (Horsh Arz el-Rab)
Verdsarvstad
År 1998 (#22)
Region Vest-Asia
Kriterium (iii)(iv)
Kart
Guds seder
34°14′37″N 36°02′54″E / 34.24361111°N 36.04833333°E / 34.24361111; 36.04833333
Wikimedia Commons: Cedars of God

Historie endre

Fjella i Libanon var ein gong dekte av tette sederskogar og treet er eit symbol for landet. Etter hundreår med hogst, har desse skogane vorte markant mindre.[2]

Det vart ein gong sagt at det var eit slag mellom halvgudane og menneska over den vakre og guddommelege sederskogen sør i Mesopotamia.[3] Denne skogen, som vart verna av guden Enlil, vart fullstendig hogd ned av menneske for kring 4700 år sidan, etter å ha vunne slaget mot halvgudane som verna skogen.[3] Historia fortel òg at Gilgamesh nytta seder til å bygge byen sin.

I løpet av hundreåra hogg assyrarane, babylonarane, persarane, fønikarane, egyptarane, romarane, israelittane og tyrkarane i skogane.[2][3] Fønikarane nytta seder til handelsflåten sin. Dei trengde tømmer for skipa sine og sederskogen gjorde dei til den første handelsnasjonen i verda.[4] Egyptarane nytta sederharpiks i mumifiseringsprosessen og sedertre for nokre av dei første papyrusrullane med hieroglyfar.[4] Kong Salomo nytta sedertømmer til å bygge tempelet sitt i Jerusalem.[5] Keisar Hadrian av Romarriket hevda at skogane var romarane sin eigedom, og øydelegginga av skogane stoppa opp for ei stund.

Omtanke for den bibelske «Guds seder» går attende til 1876, då 102 hektar av skogen vart omgjeve av ein høg steinmur, betalt av dronning Victoria av Storbritannia, for å verne unge tre frå å bli etne av geiter.[1] Likevel brukte britiske soldatar sedertre til å bygge jernbanar under fyrste verdskrigen.[4]

Talet på sedertre i Libanon har minka kraftig. Libanon er likevel framleis kjend for desse trea, og har det både på emblemet og flagget til landet.[5] Trea overlever i fjellområda der dei er den dominerande tretypen. Dette er tilfellet i fjellsida av Makmel som tårnar over Kadishadalen, der Guds seder strekkjer seg opp til 2000 meter. Fire tre har nådd ei høgd på 35 meter, og stamma deira har ein omkrins på 12-14 meter.[1]

Verdsarv endre

I 1998 vart Guds seder lagt til verdsarvlista til UNESCO.

Noverande status endre

Skogen er i dag strengt verna. Det er mogeleg å vitje skogen med autorisert guide. Etter ein førebuande fase der landområdet vart reinska for avfall, sjuke planter behandla og jordsmonnet gjødsla, starta «Komitteen av vener av sederskogen» eit skogplantingsprosjekt i 1985. Dette vil først vere synleg om eit par tiår, sidan sederen veks langsamt.

 
Libanonseder

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre