Bsharri
Bsharri (òg skrive Becharre, Bcharre, Bsharre; arabisk بْشَرِّيْ) er ein by som ligg kring 1500 meter over havet i Kadishadalen nord i Libanon. Han ligg i Bsharri distrikt i Nord guvernement.
Bsharri | |||
بْشَرِّيْ | |||
by | |||
Bsharri frå andre sida av Qadishadalen (mot vest).
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
guvernement | Nord guvernement | ||
Distrikt | Bsharri distrikt | ||
Høgd | 1 500 moh. | ||
Koordinatar | |||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
![]() Bsharri | |||
Wikimedia Commons: Bsharri | |||
Bsharri er den einaste byen som har att Guds seder, libanonsederskog frå antikken. Han er fødestaden til den kjende diktaren, målaren og bilethoggaren Khalil Gibran som har eit museum i byen.
Historie Endra
Namnet «Bsharri» (بشرّي) finst i fønikiske språk og tyder «Huset Ishtar»,[1] Ishtar var ei gudinne som fønikarane dyrka før kristendomen kom til området.
Bsharri var ein fønikisk busetnad i antikken. Maronittiske kristne som flykta forfølgjing søkte tilflut i fjellområda på 600-talet. Kadishadalen, nedanfor byen, vart eit andeleg senter for den maronittiske kyrkja. Byen vart kalla Buissera av krossfararane.
I motsetnad til andre delar av Libanon, var arameisk talespråk i Bsharri til godt inn på 1800-talet. Innbyggjarane i Bsharri har derfor ein særeigen aksent når dei snakkar arabisk.[treng kjelde]
Under den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) var Bsharri ein bastion for kristne mot dei første palestinarane og syrarane. Mange av dei unge i byen vart med i Falangistpartiet i starten av borgarkrigen. I 1986 vart Samir Geagea frå Bsharri leiaren for dei kristne libanesiske styrkane (LF). Mange LF-militante kom frå byen under borgarkrigen.
Geografi Endra
Klima Endra
Bsharri har eit kontinentalt middelhavsklima (Csb/Dsb etter Köppen si klimaklassifisering), med tørre og milde somrar og kalde, snørike vintrar. Temperaturen om sommaren kan gå over 30 °C nokre få gonger i året. Om vinteren kan temperaturen falle til -15 °C. Kraftig snøfall skjer kvart år og snødjupner på over to meter kan oppstå.
Klimadata for Bsharri | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 4 | 4 | 6 | 11 | 16 | 20 | 22 | 23 | 20 | 16 | 11 | 7 | 13,3 |
Døgnmiddeltemp. °C | 0 | 0 | 2 | 7 | 11.5 | 15 | 17 | 17.5 | 15 | 11.5 | 7 | 3.5 | 8,9 |
Normal min. temp. °C | -4 | -4 | -2 | 3 | 7 | 10 | 12 | 12 | 10 | 7 | 3 | 0 | −4 |
Nedbør (mm) | 221 | 166 | 127 | 61 | 31 | 4 | 0 | 0 | 6 | 39 | 97 | 172 | |
Kjelde: climatetemp |
Galleri Endra
-
Epletre i Bsharri på hausten
-
Bsharri frå nær gravplassen
-
Valnøttre om vinteren
-
Arakdestillering
-
Bsharri om vinteren
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Bsharri» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Journée Antonine, arkivert frå originalen 28. oktober 2008, henta 6. september 2014
- ↑ «Climate Historie for Bsharri,Libanon». Henta 7. september 2014.