Budstikken var ei norsk avis som kom ut i Christiania frå 14. april 1808 til 1814. Avisa vart skipa av Regjeringskommisjonen, men vart i 1810 overtatt av Selskabet for Norges Vel. Enevold de Falsen, som var medlem av kommisjonen, var redaktør for avisa fram til sin død i november 1808, då Ludvig Stoud Platou, overlærar ved Katedralskulen i Christiania, overtok ansvaret.

Eit vanleg nummer av Budstikken var fire sider langt, men fleire utgåver var òg på åtte. Stoffet var svært regimelojalt, og det var tidvis prenta direkte formaningar overfor innbyggjarane og tekstar som skulle byggja opp om folk si haldning til styresmakta. Elles vart det prenta mykje stoff om den pågåande krigen, gjerne i form av reine offisielle rapportar, og informasjon om private donasjonar til soldatar.[1] I perioden under Regjeringskommisjonen fungerte avisa såleis som eit reint propagandainstrument for statsmakta.[2] Òg under Selskabet for Norges Vel heldt den regimelojale lina fram.[3]

Referansar endre

  1. Sindre Fjeld, Budstikken – En propagandaavis? En innholdsanalyse av regjeringskommisjonens offentlige ytringer i Budstikken 1808, masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, våren 2010, 24-55.[daud lenkje]
  2. Sindre Fjeld, Budstikken – En propagandaavis?, 108-111.[daud lenkje]
  3. Øystein Idsø Viken, Makt mellom linene: makt og allmente i Noreg 1807–1814, masteroppgåve ved Universitetet i Oslo, våren 2010, 89. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 23. september 2015, henta 30. november 2010