Bugge Islands
Bugge Islands er ei lita gruppe isdekte øyar som ligg like utanfor fronten av Wordie isbrem og mellom 4 og 11 nautiske mil nordvest for Mount Guernsey, utanfor vestkysten av Den antarktiske halvøya. Dei vart først sett frå lufta og fotograferte av British Graham Land Expedition i 1936, og seinare grovt kartlagd frå bileta. Dei vart observerte i 1947 frå «Port of Beaumont, Texas» av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne, som namngav øyane etter niesa si, Ruth Bugge, som forsynte ekspedisjonen med ullklede frå Noreg.[1] Gruppa vart òg vitja av Den chilenske antarktisekspedisjonen, 1947, som gav øyane namnet Isla Aldea, Isla Eleuterio Ramírez, Isla Latorre, etter heltar i sjøslaget ved Iquique.
Bugge Islands | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 69°12′S 68°25′W / 69.200°S 68.417°W | ||
Bugge Islands 69°12′00″S 68°25′00″W / 69.2°S 68.4167°W | |||
Frå nord til sør er øyane i gruppa:
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Bugge øyar». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bugge Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).