Mount Guernsey
Mount Guernsey er eit isolert og hovudsakleg isdekt fjell på vestkysten av Den antarktiske halvøya. Det har ei høgd på 1250 moh. og ligg 6 nautiske mil nord for toppen av Mount Edgell. Namnet «Ile Guernesey» vart gjeve i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, etter øya Guernsey utanfor kysten av Frankrike. Plasseringa til «Ile Guernesey» på karta til den franske ekspedisjonen samsvarar ikkje med plasseringa til fjellet over, men frå skildringar og skisser av Maurice Bongrain, som var kartleggar på ekspedisjonen, har ein funne ut at dette fjellet var det som vart sett i 1909 av Charcot frå ei stilling nær midten av innløpet til Marguerite Bay. Fjellet vart kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition, men det fekk ikkje namn. Det vart vidare kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948.[1]
Mount Guernsey | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 1 250 moh. | ||
- koordinatar | 69°20′S 68°14′W / 69.333°S 68.233°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Guernsey 69°20′00″S 68°14′00″W / 69.3333°S 68.2333°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Guernsey, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Guernsey, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).