39°46′46.268″N 64°25′9.7140″E / 39.77951889°N 64.419365000°E / 39.77951889; 64.419365000

Gamlebyen i Bukhara

Festningsmurer, hjemmet til khanene i Bukhara
LandUsbekistan
Innskriven ved UNESCOs 17. sesjon i 1993.
Referansenr. 602.
Kriterium:II, IV, VI
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffGamlebyen i Bukhara ved unesco.org

Bukhara (usbekisk Buxoro, kyrillisk skrift Бухоро) er den 5. største byen i Usbekistan og hovudstad i Bukhara-regionen med 247 644 innbyggjarar (2016).[1] Det har budd folk i området rundt Bukhara i minste fem tusen år, og byen har vore til i rundt halvparten av denne tida. Bukhara ligg langs Silkevegen, og har lenge vore eit senter for handel, lærdom, kultur og religion. Gamlebyen omfattar ei rekkje gamle bygningar, og er rekna som verdsarv av UNESCO.[2]

Innbyggjarar endre

Fleirtalet av innbyggjarane i byen er persisk-språklege tadsjikar. Bukhara og Samarkand er dei to viktigaste sentera til tadsjikisk-persisk kultur og historie, og begge desse byane var viktige knutepunkt på Silkevegen.

Bukhara har også vore heim til ei mengd jødar, etterkomarar etter ei gruppe som slo seg ned der i romesk ti. Omgrepet bukhariske jødar er jamleg blitt brukt til å omtala jødar frå Sentral-Asia.

Historie endre

Bukhara har historisk vore eit hovudsenter for persisk sivilisasjon, og Bukhara-regionen var lenge ein del av Persarriket. Frå 1785 til 1920 var det eit emirat; den siste emiren i Bukhara var Muhammed Alim Khan. Bukhara var hovudstad i Bukhara-sovjetrepublikken frå 1920 til 1925, då han blei gjort til ein del av Usbekistan SSR.

Kjelder endre

  1. «Uzbekistan - Largest Cities». GeoNames. GeoNames. Henta 31 August 2016. 
  2. «21 World Heritage Sites you have probably never heard of». Daily Telegraph.