Buraydah

(Omdirigert frå Buraidah)

Buraydah (arabisk بريدة, Burayda) er hovudstaden i Al-Qassim-regionen nord i det sentrale Saudi-Arabia i hjartet av Den arabiske halvøya. Buraydah ligg like langt frå Raudehavet i vest og Persiabukta i aust. Han har eit folketal på 614 093 (2010).

Buraydah
بريدة
by
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 26°20′N 43°58′E / 26.333°N 43.967°E / 26.333; 43.967
Areal 1 291 km²
Folketal 614 093  (2010)
Folketettleik 476 / km²
Tidssone EAT (UTC+3)
Kart
Buraydah
26°20′00″N 43°58′00″E / 26.333333333333°N 43.966666666667°E / 26.333333333333; 43.966666666667
Wikimedia Commons: Buraidah

Buraydah er regionshovudstaden i Al-Qassim-regionen og ligg i utkanten av Wadi Al-Rummah. Buraydah har eit typisk ørkenklima, med varma somrar, kalde vintrar og låg fukt.

I Buraydah er jordbruk framleis ei viktig næring. Tradisjonelle varer frå oasen er dadlar, sitronar, appelsinar og anna frukt. I moderne tid byrja ein med dyrking av kveite, og dette vart ein så stor suksess at Buraydah er ein av dei største kornprodusentane i landet.

Klima endre

Vêrdata for Buraidah
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 19,2 22,3 26,5 32,4 38,5 42,1 43,2 43,4 40,9 35,3 26,7 21,3 32,7
Døgnmiddeltemperatur °C 12,8 15,2 19,2 24,9 30,6 33,5 34,5 34,8 32,1 26,9 19,8 14,7 24,9
Gjennomsnittleg min °C 6,3 8,1 11,9 17,4 22,7 24,9 25,7 26,1 23,3 18,5 12,8 8 17,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 21,2 10,8 26,7 28,8 13,9 0 0 0,1 0,1 4,3 24,2 15,6 145,7
Kjelde: [1]

Folketal endre

Byen har hatt særs stor folkevekst. Innafor bygrensene budde det i 2010 614 093 innbyggjarar.[2]

År Folketal
1888 10 000
1935 35 000
1960 45 000
1970 56 000
1972 60 000
1974 69 000
1992 248 000
2004 505 000
2010 614 093

[treng kjelde]

Kjelder endre