Burano er ei øy i Venezialagunen, men som sjølve Venezia er ho i røynda ei gruppe øyar forbunde med kvarandre via bruer. Ho ligg nær Torcello i nordenden av lagunen og er kjend for kniplingane som vert laga her. Øya vart truleg busett av romarar og på 500-talet vart ho okkupert av folk frå Altino, som kalla ho opp etter ein av portane i den tidlegare byen sin. Det er to teoriar om korleis øya fekk namnet sitt. Den eine er at ho opphavleg vart busett av Buriana-familien, og den andre at dei første busetjarane på Burano kom frå den litle øya Buranello, 7 km lenger sør.

Burano
Land  Italia
Areal 0,2108 km²
Folketal 2 762
Kart
Burano
45°29′08″N 12°25′03″E / 45.485555555556°N 12.4175°E / 45.485555555556; 12.4175
Wikimedia Commons: Burano
Fargerike hus på Buran med klokketårnet San Martino i bakgrunnen.

Sjølv om øya raskt vart ein blømande busetnad vart ho styrt frå Torcello og hadde ingen av privilegiane som den øya eller Murano hadde. Ho vart først viktig på 1500-talet då kvinner på øya byrja å lage kniplingar eller blonder. Kniplingane vart etterkvart eksportert til heile Europa, men eksporten minka 1700-talet og industrien vart ikkje vekt til live igjen før i 1872 då det vart grunnlagd ein skule for blondeveving. Industrien blømde igjen på øya, men i dag er det få som driv med denne tradisjonen sidan det er svært tidkrevande og derfor har høg salspris.

Buram er kjend for dei små, lysmåla husa, som har vore populære hos kunstnarar. Designaren Philippe Starck eig tre hus. Andre attraksjonar er San Martino-kyrkja med eit klokketårn, Oratorio Santa Barbara og eit museum for blondemaking. Fargane på husa følgjer eit spesifikt system som har sitt opphav i øya sin gullalder. Om nokon vil måle huset sitt må dei derfor sende ein søknad til kommunestyret, som så vil gje svar om kva for nokre fargar som er tillate. Denne praksisen har ført til ein mangfaldige pastellfarga hus som er karakteristiske for øya i dag.

Burano ligg 7 km frå Venezia, ei reise som tar 40 minutt med dei venetianske båtane, «vaporetti». Øya er forbunden til Mazzorbo via ei bru. I dag har Burano om lag 4 000 innbyggjarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Burano

45°29′N 12°25′E / 45.483°N 12.417°E / 45.483; 12.417