Burning of the Midnight Lamp

Burning of the Midnight Lamp
Singel av The Jimi Hendrix Experience
B-side

«The Stars That Play with Laughing Sam's Dice»

Språk engelsk
Utgjeve 19. august 1967
Innspelt 7. og 20. juli 1967 i Mayfair Studios i New York i USA
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 3:39
Selskap Track
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler
The Jimi Hendrix Experience-kronologi 
«The Wind Cries Mary»
(1967)
Burning of the Midnight Lamp «Foxy Lady»
(1967)


«Burning of the Midnight Lamp» er ein song av The Jimi Hendrix Experience, først gjeven ut som ein singel med «The Stars That Play with Laughing Sam's Dice» som B-side i Storbritannia den 19. august 1967 (18. plas). Seinare vart han gjeven ut på det tredje og siste studioalbumet deira, Electric Ladyland (1968). Singelen hadde ein meir sofistikert instrumentering og produksjon enn singlane frå tidlegare i 1967, og peikar fram mot rikdomen og detaljane på Axis: Bold as Love (1967) og Electric Ladyland. Begge songane vert spelte med wah-wah-gitareffekt, som var første gong for Hendrix og som seinare skulle bli eit av varemerka hans. Songen er ein av få av Hendrix som har med klaverinstrument.

Songen vart spelt inn 7. og 20. juli i Mayfair Studios, og har mange instrument og ein kompleks produksjon. Songen opnar med ein delikat melodi spelt på ein elektrisk cembalo og wah-wah-gitar før Noel Redding og Mitch Mitchell kjem inn på bass og trommer. Under versa speler rytmeseksjonen pågåande, i motsetnad til den engleaktige korvokale og cembaloen som skapar eit crescendo i kvart vers. I følgje lydteknikar Eddie Kramer, var vokalen av Cissy Houston og The Sweet Inspirations. Mandolineffekten er produsert med å spele inn to eller fleire gitarar som spelar den same delen langsamt, og så køyre lydbandet på dobbel snøggleik. Oppbygginga med fleire og fleire instrument vert repetert på kvart vers.

Bakgrunnsstoff endre