Axis: Bold as Love
Axis: Bold as Love Studioalbum av The Jimi Hendrix Experience | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. desember 1967 (UK) 15. januar 1968 (USA) | |
Innspelt | Mai-juni, oktober 1967 Olympic Studios (London) | |
Sjanger | Psykedelisk rock, bluesrock, hard rock | |
Lengd | 38:49 | |
Selskap | Track (mono & stereo) Barclay (stereo) Polydor (Europa - forskjellig stereomiks, andre stader berre stereo) Reprise (mono & stereo) MCA (stereo CD & mono LP) | |
Produsent | Chas Chandler | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Jimi Hendrix Experience-kronologi | ||
Are You Experienced (1967) |
Axis: Bold as Love | Electric Ladyland (1968)
|
Axis: Bold as Love er det andre studioalbumet av The Jimi Hendrix Experience. Etter press frå plateselskapet til å kome med ein oppfølgjar til debutalbumet Are You Experienced frå mai 1967, vart Axis: Bold as Love gjeven ut på Track Records i Storbritannia i desember 1967. Det nådde femteplassen i Storbritannia og seinare tredjeplassen i USA.[1]
Albumet vart spelt inn for å fullføre platekontrakten til bandet, som sa at dei måtte lage to album i 1967. Det vart likevel ikkje gjeve ut i USA før 1968 på grunn av frykt for at det ville forstyrre salet av det første albumet, som selde særs godt.[2] Bassist Noel Redding har sagt at dette var favorittalbumet hans av dei tre Experience-albuma. Han spelar sjølv åtte strengsbass på somme songar.[2]
Like før albumet var ferdig, la Hendrix att masterteipen til side 1 i ein taxi. Dei vart aldri funnen att, og A-sida måtte derfor miksast på nytt.[2]
Ettermæle
endre- I 2003 vart albumet rangert på 82. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
- Albumet er omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
- Magasinet Guitarist kåra albumet til det sjuande mest påverkande gitaralbumet gjennom tidene.[3]
Musikk
endreMange av songane på albumet vart komponerte med studioinnspelingsteknikkar i tankane, og som følgje av dette vart fleire av songane sjeldan spelt på konsertar. Berre «Spanish Castle Magic» og «Little Wing» vart spelt fast.[2] Teksten til «Spanish Castle Magic» var inspirert av The Spanish Castle, eit danselokakle i Des Moines i Washington nær Seattle der Hendrix jamma med lokale rockegrupper i high school-tida. På «Little Wing» speler Hendrix gitaren gjennom ein Leslie-høgtalar (roterande høgtalar som skapar ein skjelvande effekt, typisk brukt i elektriske orgel) for første gong.
Den første songen, «EXP», startar med nokre tonar frå «Stone Free» og består av ein samtale mellom Mitchell og Hendrix om UFOar, der Mitchell spelar ein radiovert og Hendrix eit romvesen forkledd som Mr. Paul Caruso. Stemma hans går gradvis langsamare før han tar av med romskipet sitt.
Songen «Little Miss Lover» var den første som inneheldt ein støtvis, dempa wah-wah-effekt - ein teknikk seinare nytta av mange andre gitaristar.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «EXP» | 1:55 |
2. | «Up from the Skies» | 2:55 |
3. | «Spanish Castle Magic» | 3:00 |
4. | «Wait Until Tomorrow» | 3:00 |
5. | «Ain't No Telling» | 1:46 |
6. | «Little Wing» | 2:24 |
7. | «If 6 Was 9» | 5:32 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «You Got Me Floatin'» | 2:45 |
9. | «Castles Made of Sand» | 2:46 |
10. | «She's So Fine» (Noel Redding) | 2:37 |
11. | «One Rainy Wish» | 3:40 |
12. | «Little Miss Lover» | 2:20 |
13. | «Bold as Love» | 4:11 |
Medverkande
endre- Jimi Hendrix – gitar, vokal, bass, piano, fløyte, stemme som «Mr. Paul Caruso» på «EXP»
- Mitch Mitchell – trommer, klokkespel på «Little Wing», korvokal, radiovert på «EXP»
- Noel Redding – bass, 8-strengsbass, korvokal, tramping på «If 6 Was 9», solovokal på «She's So Fine».
- Gary Leeds – tramping på «If 6 Was 9»
- Graham Nash – tramping på «If 6 Was 9»
- Michael Jeffery – tramping på «If 6 Was 9»
- Trevor Burton – korvokal på «You Got Me Floatin'»
- Roy Wood – korvokal på «You Got Me Floatin'»
- Chas Chandler – produsent og tramping på «If 6 Was 9»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Axis: Bold as Love» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
93: Supa Dupa Fly Missy “Misdemeanor” Elliott |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 92 Axis: Bold as Love The Jimi Hendrix Experience |
91: Darkness on the Edge of Town Bruce Springsteen |
84: I Never Loved A Man The Way I Love You Aretha Franklin |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 83 Axis: Bold As Love Jimi Hendrix Experience |
82: Harvest Neil Young |