Bush-doktrinen er ei nemning som blir nytta om ei rad retningsliner for amerikansk utanrikspolitikk som vart lagt fram av dåverande president George W. Bush i ein tale 1. juni 2002. Retningslinene representerte eit skifte i den amerikanske utanriks- og tryggingspolitikken, som i resten av styringstida til Bush kom til å leggje vekt på militære operasjonar, militær overmakt og eit mål om «å spreie demokrati, fridom og tryggleik i alle regionar».

President George W. Bush talar om spørsmål knytt til Irak i Generalforsamlinga til SN 12. september 2002. Øvst til venstre sit dåverande generalsekretær i SN Kofi Annan.

Bush-doktrinen markerte ei endring frå den amerikanske politikken i tidlegare tider, som hadde lagt vekt på avskrekking av moglege fiendar og eit ynske om å isolere konfliktar. Bush-doktrinen var den politiske råma for invasjonen av Irak i 2003.

Sjå òg endre

Kjelder endre