Kofi Atta Annan (8. april 193818. august 2018)[1] var ein ghanesisk diplomat og den sjuande generalsekretæren for dei sameinte nasjonane, han hadde denne jobben frå 1. januar 1997 til 1. januar 2007. Saman med SN fekk han Nobels Fredspris i 2001.

Kofi Annan

Fødd8. april 1938
Kumasi
Død18. august 2018 (80 år)
Statsborgar avGhana
YrkeDiplomat
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedKwame Nkrumah University of Science and Technology
MIT Sloan School of Management
IHEID
Mfantsipim-skolen
Massachusetts Institute of Technology
Université de Genève
Macalester College
Sloan Fellows Program
MorRose Eshun
FarHenry Reginald Annan
EktefelleNane Annan (f. Lagergren)
BarnKojo Annan, Nina Cronstedt, Ama Annan
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
VervDen 7. generalsekretæren for SN 1. januar 1997–31. desember 2006
FøregangarBoutros Boutros-Ghali
Alle verv
  • Generalsekretæren i Dei sameinte nasjonane (1997–2006)
  • United Nations Envoy to Syria (2012–2012) Sjå dette på Wikidata

Annan blei fødd i Kumasi i den dåverande britiske kolonien Gullkysten, no Ghana. Han kom frå ein styrande familie; begge bestefedrane og ein onkel var stammehøvdingar. Faren hans var halvt ashanti og halvt fante medan mor hans var fante. I følgje tradisjonell ghanesisk namngjeving fortel namnet noko om fødselen til Annan. Kofi tyder at han var fødd på ein fredag, Annan at han var den fjerde ungen i familien, og Atta fortalde at han var fødd som tvilling, noko som blir sett på som svært spesielt i Ghana. Tvillingsystera Efua Atta døydde i 1991.

Kofi Annan byrja karrieren sin i SN-systemet i 1962, då han blei tilsett ved Verdshelseorganisasjonen (WHO). I 1996 blei han vald til generalsekretær i Dei sameinte nasjonane, ei stilling han blei innsett i den 1. januar 1997. I 2001 blei han gjenvald for ein ny periode som leiaren av SN, og han sat perioden ut, til 31. desember 2006.

Kofi Annan var gift med den svenske advokaten og artisten Nane Maria Annan. Dei hadde tre barn - to av dei, Kojo Annan og Ama Annan, var frå eit tidlegare ekteskap Kofi Annan hadde, mens den tredje, Nina Cronstedt de Groot var frå Nane Maria Annan sitt tidlegare ekteskap.

Kjelder

endre
  1. «Kofi Annan, former UN chief, dies at 80». BBC. Henta 18 August 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kofi Annan