Ein busse (busseskip) var eit langskip i norrøn tid med stor lasteevne og stort mannskap. Skipa vart bygde på slutten av vikingtida og eit stykke inn i mellomalderen. Skipstypen vart nytta som krigsskip, hadde dekk og var «høgborda». At krigarane om bord stor høgt oppe var ein føremon i strid, etter som dei då kunne skyta og kasta spyd ned på motstandarane i mindre båtar.

Ormen lange var ein busse.

Ordet «busse» kjem av det latinske ordet bucia, eit stort breitt skip med fast dekk som vart skildra som «høgborda havskip». Etter kvart vart namnet ikkje bare bruka om hærskip, men vart meir og meir synonymt med storskip, seinare mest om store transport- eller handelsskip. Bussane som vart nytta som handelsskip på 1200-talet og inn på 1300-talet var rommelege skip med stor lasteevne.

Historiske bussarEndra

ReferansarEndra

  1. Ole Nordgaard (1862–1931) (1920). Stod i fortid og nutid. Trondhjem: Aktietrykkeriet. s. 35. 

LitteraturEndra