Langskip er ei samlenemning på skip som i hovudsak vert rodd, og som er mykje lengre enn dei er breie. Langskip har vore nytta av fleire ulike folkeslag.

Osebergskipet er eit døme på ein karve.

Nokre typar langskip endre

Norrøne langskip endre

Dei norrøne langskipa var under vikingtida store opne båtar med klinkbygd skrog, som regel av eik, kraftig grunn kjøl, ofte høge stamnar (særleg forut), mange årepar, sideror i bakstamnen, mast midtskips, rektangulært segl og faste tofter over dekk. Dette var typiske skip som gjekk lett i sjøen og hadde lange smekre linjer.

  • Busse, krigsskip med stor lasteemne og med mange mann om bord. Det var to mann på åra eller meir. Ormen Lange, skipet til Olav Trygvason var eit slikt skip.
  • Skeide, krigsskip med mindre fribord enn busser, men mykje slankare og raskare og med 1 til 2 mann på åra.
  • Snekke, krigsskip brukt i strid og på reiser, truleg ein båttype mellom busse og skeid. Tranen til Olav Trygvason var ei snekke.
  • Karv, helst nytta som private farkostar i kystnære farvatn, men også på elvar, innlandsfjordar og opne hav. Osebergskipet og Gogstadskipet er døme på slike skip.
  • Drake var langskip som hadde dyreliknande hovud i stamnen, gjerne drakeliknande hovud.

Bakgrunnsstoff endre