Busto Arsizio

kommune i Italia
Busto Arsizio
Plassering
Busto Arsizio is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Varese
Borgarmeister Emanuele Antonelli
Geografi
Flatevidd
 - By

30,27 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

80 135
  2647/km²
Koordinatar 45°36′N 8°50′E / 45.600°N 8.833°E / 45.600; 8.833
Høgd over havet 226 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 21052
Telefon-retningsnummer 0331
Nettstad: www.comune.bustoarsizio.va.it

Busto Arsizio er ein by i provinsen Varese i regionen Lombardia i Italia. Han har om lag 80 000 innbyggjarar og ligg om lag 25 km nord for Milano. Hovudnæringa i byen er industri og handel.

Historie endre

Området rundt Busto Arsizio var busett av ligurarar i førhistorisk tid. Dei vart etterfølgt av insubrarar på 500-talet fvt., men dei vart truleg slått og erobra av etruskarane. Ein veit ikkje stort om Busto Arsizio fram til 900-talet då staden først vart nemnd i skriftlege kjelder. På 1200-talet vart byen kjend for produksjon av tekstilar. Byen voks gradvis, sjølv under dei mange herrane som styrte byen som vasallar under Milano. På 1800-talet tok industrialiseringa over og i løpet av nokre tiår vart Busto Arsizio kalla «Italia sitt svar på Manchester». I 1864 fekk han bystatus av kong Victor Emmanuel II av Italia.

Byen vart visstnok berre råka av ei enkel bombe under den andre verdskrigen, men som industrisenter vart det produsert mykje krigsmateriell her. I 1960- og 1970-åra vart nedgangstider for industrien og hovudnæringane flytta seg meir over på småbedrifter.

Kjelder endre