Buxtonbreen
Buxtonbreen er ein isbre som flyt nordaust mellom Heaneybreen og Cookbreen, på nordkysten av øya på Sør-Georgia, like sør for Mount Skittle. Fronten av Buxtonbreen ligg i Saint Andrews Bay.[1] Buxtonbreen ligg nær Rossbreen, som er ei grusstrand som er att etter at breen trekte seg attende.
Buxtonbreen | |||
isbre | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Saint Andrews Bay på Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°26′S 36°12′W / 54.433°S 36.200°W | ||
Munning | Saint Andrews Bay | ||
status | i tilbakegang | ||
Buxtonbreen 54°26′00″S 36°12′00″W / 54.4333°S 36.2°W | |||
Kart som viser Buxtonbreen.
|
Buxtonbreen vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1987 etter tre medlemmar av Buxton-familien: Major Aubrey Leland Oakes Buxton (Baron Buxton av Alsa), Pamela Mary Birkin (baronesse Buxton av Alsa) og dottera deira Lucinda Catherine (Cindy) Buxton i FRGS som vitja Sør-Georgia i mars 1982.[1][2]
Plante- og dyreliv
endreDet er ein hekkeplass for kongepingvin nær enden av Buxtonbreen ved Saint Andrews Bay. Denne fuglekolonien har meir enn 100 000 pingvinar. På grunn av den lange yngletida er kolonien alltid okkupert.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Buxton Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Buxtonbreen». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 28. desember 2013.
- ↑ «Buxtonbreen». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av Saint Andrews Bay Arkivert 2016-10-11 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Buxtonbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).