Buzăuelva
Buzău er ei elv aust i Romania og ei av sideelvane til Siret. Ho har ei lengd på 302 km. Kjelda hennar ligg søraust i Karpatane, aust for Brașov. Buzău renn gjennom dei rumenske fylka Brașov, Covasna, Buzău og Brăila. Ho munnar ut i Siret like før Siret munnar ut i Donau, vest for Galați.
Buzău | |||
elv | |||
Buzău nær Unguriu i Buzău fylke
| |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 505 km² | ||
Lengd | 325 km | ||
Vassføring | for Banița | ||
• middel | 25,2 m³/s | ||
Kjelde | Ciucașfjella | ||
Munning | Siret | ||
Buzăuelva 45°24′49″N 27°44′29″E / 45.413611111111°N 27.741388888889°E | |||
Kart over Olt
| |||
Wikimedia Commons: Buzău River |
Buzău har gjeve namn til byen Buzău og byen Întorsura Buzăului i Covasna fylke. Întorsura Buzăului (som tyder Buzău-svingen på rumensk) får namnet sitt frå den store svingen som elva gjer her. Ho renn først nordover, men snur så brått søraustover nær byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Buzău River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
- Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
- ICPA - Comune vulnerabile - județul Brăila [1] Arkivert 2007-01-12 ved Wayback Machine.
- Trasee turistice - județul Buzău [2]
- Trasee turistice - județul Covasna [3]