Zeja (russisk Зе́я) er ein by i Amur oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Zeja, ei sideelv til Amur, om lag 230 km søraust for Tynda og 390 km nord for Blagovesjtsjensk.

Byen Zeja
Зея
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Byen Zeja
Byvåpenet til Byen Zeja


Plassering
Byen Zeja is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Amur oblast
Grunnlagd
Bystatus
1879
1906
Geografi
Flatevidd
 - By

45 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

26 995
  599,9 /km²
Koordinatar 53°44′N 127°15′E / 53.733°N 127.250°E / 53.733; 127.250
Tidssone
- Ved sommartid
YAKT (UTC+9)
YAKST (UTC+10)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 41658
Bilnummer 28
Nettstad: www.admzeya.ru/

Zeja vart grunnlagd i 1879 som ein busetnad kalla Zejskij Sklad (russisk: Зе́йский Склад, norsk; Zeja sitt lager) då det vart oppdaga gull i nedslagsfeltet til elva Zeja. I 1906 vart namnet endra til Zeja-Pristan (russisk: Зе́я-При́стань, norsk; Zeja si hamn). I 1913 fekk byen nok ein gong nytt namn og vart denne gongen omgjort til Zeja, namnet byen har den dag i dag.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.