Byfjorden ved Tønsberg

fjord i Tønsberg

Byfjorden er ein fjord i Tønsberg kommune i Vestfold. Han utgjer den inste delen av Tønsbergfjorden, som igjen er ein sidefjord i Oslofjorden, og går mellom Kanalen i Tønsberg, Tønsberghus og Jarlsberg travbane. Inst i fjorden ligg Iljane våtmarksområde og naturreservat, skipa i 1985. Ved kanalen ligg Kanalbrua, ei vippebru for biltrafikk opna i 1957, og i Ollebukta er det ei småbåthamn. Mellom restaurantane, mediehuset og gjestehamna på brygga i byen og Kaldnes på Nøtterøy-sida går Kaldnes bru, ei gangbru som opna i 2005. På området etter Kaldnes Mekaniske Verkstad, eit skipsverft i drift frå 1899 til 1984, er det reist høge bygg med leilegheiter.

Byfjorden
Tønsbergfjorden sett frå Slottsfjellet. Agility Groups verft på Kaldnes til venstre, Ilene til høgre, med Jarlsberg Travbane og utløpet av Aulielva i bakgrunnen.
Foto: 2008
Land  Noreg
Kart
Byfjorden
59°16′15″N 10°23′14″E / 59.27084806°N 10.38716611°E / 59.27084806; 10.38716611
Små «vikingskip» ved brygga i Tønsberg. Kaldnes bru mellom byen og Nøtterøy-sida opna i 2005.

Galleri endre

Kjelder endre