Slottsfjellet
- For musikkfestivalen Slottsfjell, sjå Slottsfjellfestivalen. For kulturminnet i Fredrikstad, sjå Slottsfjellet i Fredrikstad.
Slottsfjellet er eit lite fjell i Tønsberg by i Vestfold og Telemark fylke med ei høgd på 63 moh. Der finn ein ruinane av ei kyrkje og Tunsberghus festning frå mellomalderen, og dessutan Slottsfjelltårnet, landemerket i byen, reist til Tønsbergs 1000-års-jubileum i 1888. Ved foten av fjellet ligg Slottsfjellmuseet. Kvart år vert Slottsfjellfestivalen og Mellomalderfestivalen arrangert på Slottsfjellet.
Slottsfjellet | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
![]() Slottsfjellet | |||
Wikimedia Commons: Slottsfjellet | |||
GeologiEndra
Slottsfjellet består av rombeporfyr som er ei dagbergart. Larvikitt er djupbergart og stammar frå same kammer i Oslofeltet. Det er fleire lag med ulik porfyr og sprekk i fjellet. Tønsbergitt er frå dei eldste djupbergartene i regionen og stammar frå same senter som Larvikitt og rombeporfyr. Tønsbergitt er brunleg/rødleg av farge.
HistorieEndra
Slottsfjellet var tidlegare eit kongssete. Fjellet vart i mellomalderen lenge kalla Mikkelberg etter Sankt Mikaelskirken på fjellet.
Sidan 1870-talet har det vorte gjort fleire sprengningar i Slottsfjellet. I 1881 stod Slottsfjelltunnelen ferdig som Noregs lengste jarnbanetunnel då. Han vart seinare teke i bruk som vegtunnel. I tillegg er det tilfluktsrom og tilfluktsromsamband. Under andre verdskrig vart det òg sprengt ut rom i fjellet.
I samband med markeringa av tusenårsskiftet, vart Slottsfjellet valt til tusenårsstaden i Tønsberg kommune.
Tunsberghus festningEndra
Tunsberghus festning (Castrum Tunsbergis) på toppen av fjellet har truleg dominert byen og jordbruksområda rundt òg før 1100-talet då baglarane forskansa seg der under kringsetjinga av Kong Sverre og Birkebeinarane. Tunsberghus gjennomgjekk ein storstilt utbyggning i Håkon Håkonssons og Magnus Lagabøte si regjeringstid på 1200-talet. Festninga var residenssete for Tønsberg len til 1503, då han vart brent ned og ikkje bygd opp igjen. I dag er det berre låge ruinar igjen av anlegget på Slottsfjellet.
SlottsfjelltårnetEndra
Tårnet på Slottsfjellet vart reist i 1888 på privat initiativ som eit minnesmerke i samband med Tønsberg by sitt tusenårsjubileum. Det er eit 17 meter (60 fot) høgt utkikstårn i stein og har ein enkel, rundbua nyrenessanse-stil som kan gje assosiasjonar til borgtårn frå mellomalderen.[1] Fasaden er dekorert med eit sitat frå Bjørnstjerne Bjørnson, innskriften «871-1871 Maa Byen som paa Tunet staar, faa blomstrar nye Tusind-aar», og kongesignaturane «Haakon R 1. august 1906», «Olav R 1. juli 1958» og «Harald R. 9. mars 1992». Slottsfjelltårnet var i bruk som Tønsberg museum frå 1894 til 1930.
Steintårnet erstatta eit utkikstårn av tre som Tønsberg Sjømannssamskipnad bygde i 1856 og som brann ned i 1874.[1]
SlottsfjellmuseetEndra
Slottsfjelltårnet står sentralt i museumsarbeidet i byen. Tårnet romma dei første utstillingane til Tønsberg Museum ved etableringa i 1894. Tårnet viste seg å vere upraktisk som utstillingslokale, og museet fekk snart utstillingar i ein villaliknande bygning. På 1900-talet vart Tønsberg Sjøfartsmuseum oppretta. I 1930-åra var plassproblema prekære for musea i byen. Vestfold Fylkesmuseum vart etablert i 1939 i samarbeid med bl.a. Vestfold Historielag. Tønsberg kommune stilte areal til disposisjon på Tallak nær oppunder Slottsfjellet, både til nye utstillingslokale og til eit friluftsmuseum. Vestfoldtunet vart bygd opp i 1950 og -60 åra. I 2008 skifta museet namn til Slottsfjellmuseet. Det er del av Vestfoldmuseene.
Museet formidlar, i utstillingane sine og ved guida turar, middelalderbyen Tønsbergs historie og Historia til slottsfjellet.
SlottsfjellfestivalenEndra
Slottsfjellfestivalen, eller eigenleg Slottsfjell Festival eller berre Slottsfjell, er ein rock- og popfestival som har vorte arrangert på Slottsfjellet og områda rundt kvar sommar sidan 2003. Ein serie rockefestivaler med same namn vart òg arrangert tidleg i 1980-åra.
Slottsfjell andre stadarEndra
Namnet Slottsfjellet er òg brukt om små fjell, åsar og knausar andre stadar i Noreg, mellom dei på ei øy utanfor Mandal, i Roan kommune i Nord-Trøndelag og om eit Slottsfjellet i Fredrikstad med ei jernalderborg som kulturminne.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Slottsfjellet» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2016.
BakgrunnsstoffEndra
- Fyldig om Slottsfjellet og historia
- Galleri Nors historiske fotografi av Slottsfjellet 1902-1950
- Bilete frå Slottsfjellet
- «DigitaltMuseum: Søk: 'slottsfjellet'». «DigitaltMuseum: Søk: 'slottsfjellet'». DigitaltMuseum. Henta 22. mai 2012.
- Kulturarv i Vestfold fylkeskommune om Slottsfjellet og Tønsberg middelalderby Arkivert 2014-05-05 ved Wayback Machine.