Byglandsfjord stasjon
58°40′1.6320″N 7°48′9.5148″E / 58.667120000°N 7.802643000°E
Byglandsfjord stasjon var endepunktet for Setesdalsbanen, som trafikkerte strekninga frå Grovane til Byglandsfjord fram til banen vart lagt ned i 1962. Stasjonsbygningen er bygd i drakestil og vert i dag brukt som bibliotek. Bygningen var teikna av arkitekten Paul Due og oppført i 1895.
Heile stasjonsområdet er freda frå 2002 etter paragraf i kulturminneloven for områdefreding. Fredinga gjeld alle bygningane: Eksteriør og interiør i stasjonsbygningen, privetbygning, lokomotivstall, godshus, plattform og lasterampe og dessutan eit område rundt stasjonen.
Bakgrunnsstoff
endre- Byglandsfjord stasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren