Sagbukk
Sagbukk vert nytta for å legga stammane opp i medan ein sagar dei opp til ved. Sagbukken stod i, eller framom, skottet. Det vart ofte nytta bogesag for å saga ved. I gamle dagar var det ofte kårkallen som saga og hogg ved. I dag er det vanleg å nytta kappsag i staden for å saga veden for hand.
Galleri
endre-
Nikolaj II av Russland og son han gjer bruk av ein sagbukk og ei stokksag for å saga ved i Tobolsk i 1917
-
Sagbukk utstilt på Norsk skogmuseum på Elverum