Traktormontert kappsag.

Kappsag er ei sag nytta for å kappa tømmer, materialar, eller ved. Kappsager er som oftast sirkelsager, og kan vera stasjonære, eller flyttbare. Stasjonære kappsager er som oftast drivne av ein elektrisk motor, medan flyttbare kappsager kan vera drivne av ein elektrisk motor eller ein forbrenningsmotor. Traktormonterte kappsager, drivne frå kraftuttaket på traktoren er òg vanlege. På sagbruk vert det av og til nytta kappsager med to blad, som kappar materialer i standard lengder.