Bygningsfysikk
Bygningsfysikk er dei fysiske prosessane knytte til varme-, luft- og fukttransport i ein bygning. Typiske bygningsfysiske problemstillingar er varmeisolering av bygningar, lufttettleik og fuktsikring mot vassdamp og fritt vatn. Akustikk og brann er også fysiske prosessar som høyrer inn under bygningsfysikk, men desse faga er vanlegvis skilde ut som eigne fag sidan dei er forholdsvis kompliserte og omfattande. Føremålet med bygningsfysikk som fag er å auke kompetansen omkring dei ulike fysiske prosessane i ein bygning blant anna for å redusere risikoen for byggskadar.
Denne fysikkartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.