Tingrettsdommar
(Omdirigert frå Byrettsdommar)
Tingrettsdommar er i Noreg tittelen på ein jurist som er utnemnd av Kongen i statsråd til fast dommar i ein av førsteinstansdomstolane i Noreg, tingrettane. Ein tingrettsdommar er ein embetsmann.
Fram til 2002 var namnet på tingrettane byrett og heradsrett, og tittelen for dommarane var då byrettsdommar eller heradsrettsdommar.