Bzipi
elver I Georgia
(Omdirigert frå Bzyb)
Bzipi (abkhasisk skrift Бзыҧ, georgisk ბზიფი, russisk Бзыбь) er den største elva i Abkhasia vest i Kaukasus. Ho renn nedover frå Store Kaukasus og ut i Svartehavet i to greiner. Ho har ei lengd på 110 km og eit nedslagsfelt på 1 510 km²
Bzipi | |||
elv | |||
Land | Abkhasia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 510 km² | ||
Lengd | 110 km | ||
Middelvassføring | 96 m³/s | ||
Kjelde | Store Kaukasus | ||
• høgd | 2 300 moh. | ||
Munning | Svartehavet | ||
Bzyb 43°18′56″N 41°16′26″E / 43.3156°N 41.2739°E | |||
Kart som viser Bzipi.
| |||
Wikimedia Commons: Bzyb River |
Bzybdalen går mellom fjellkjedene Bzipi, Gagra og nokre andre fjellkjeder i Store Kaukasus. Ein veg frå Svartehavet til den kjende innsjøen Ritsa går langs elva.
Elva er ei populær elv for kajakkpadling og rafting.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bzyb River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2007.