César Lattes
Cesare Mansueto Giulio Lattes (11. juli 1924–8. mars 2005) var ein brasiliansk fysikar. Han tok doktorgrad ved São Paulo University i 1943, og frå 1946 arbeidde han ved University of Bristol saman med mellom andre den tidlegare rettleiaren sin Giuseppe Occhialini i gruppa til Cecil Powell. Lattes vart professor ved University of São Paulo i 1948 og underviste også ved University of Brazil. Han er kanskje mest kjend for bidraget sitt til oppdaginga av elementærpartiklane som vert kalla ladde pi-meson. Dette skjedde i 1947 under eit studium av kosmisk stråling.
César Lattes | |||
| |||
Fødd | 11. juli 1924 Curitiba | ||
---|---|---|---|
Død | 8. mars 2005 Campinas | ||
Nasjonalitet | Brasil | ||
Yrke | kjernefysiker, fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universidade de São Paulo Universidade Federal do Rio de Janeiro Universidade Estadual de Campinas | ||
Alma mater | Universidade de São Paulo | ||
Doktorgradsrettleiar | Gleb Wataghin | ||
Medlem | Vitenskapsakademiet for utviklingsland |