Pion
det lettaste mesonet
(Omdirigert frå Pi-meson)
Pion eller pi-meson (π-meson') er i partikkelfysikken eit felles namn på tre elementærpartiklar: π0, π+ og π−. Pioner er dei lettaste mesona og spelar ei viktig rolle når ein skal forklare «låg-energi-eigenskapane» til fargekrafta.
Pion har 0-spinn, og består av førstegenerasjons kvarkar. Det finst tre forskjellige π-meson:
- Pi pluss (π+, 139.6 MeV/c2): Består av ein opp-, og ein anti-nedkvark (), og desintegrerer til eit anti-myon og eit myon-nøytrino, eller eit positron og eit elektron-nøytrino:
- Pi minus (π−, 139.6MeV/c2): Antipartikkelen til π+, og består dermed av ein anti-opp- og ein nedkvark (), og desintegrerer til eit myon og eit anti-myon-nøytrino, eller eit elektron og et anti-elektron-nøytrino:
- Pi null (π0, 135 MeV/c2): Det interessante med denne partikkelen er at han er sin eigen antipartikkel. Kvarkoppbygginga er opp-, anti-opp minus ned-, anti-ned, dividert på kvadratrota av 2:
Han desintegrerer til to foton, eller eitt foton og eit elektron-, positronpar:
π0 > 2γ ELLER π0 > γ + e− + e+
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pion» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2013.