Carl Georg Starbäck

(Omdirigert frå C. Georg Starbäck)

Carl Georg Starbäck (18. juli 18288. oktober 1885) var ein svensk historikar og forfattar. Han var fødd i Falun og døydde i Uppsala.

Carl Georg Starbäck

Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. juli 1828
Falu Kristine församling
Død

8. oktober 1885 (57 år)
Uppsala domkyrkoförsamling

Yrke skribent, gymnaslærer, avisredaktør, historikar
Born Karl Starbäck, Anna Starbäck

Starbäck gav ut både historiske fagbøker og historiske romanar. Han dyrka den historiske romanen etter mønster av den skotske forfattaren Walter Scott og den danske forfattaren Bernhard Severin Ingemann, og tok for seg episodar frå den svenske mellomalderen i romanane sine. Saman med forfattaren og embetsmannen Per Olof Bäckström vart han òg vidgjeten for det populærhistoriske verket Berättelser ur svenska historien i 22 band, som Starbäck hadde påbyrja og skrive elleve av banda av, og dessutan byrjinga på det tolvte (1860-75), og som Bäckström fullførte (1875-81).

Starbäks bøker Försök till lärobok i svensk historia för folkskolor och nybegynnare (1862) og Små berättelser ur svenska historien (1867), kom ut i fleire opplag. Andre av hans arbeid er Inledning till medeltidens historia (1856), Historiens betydelse som undervisningsämne (1859), Öfversikt av riksföreståndarskapet i Sverige under unionstiden (1864), Läsebok, innehållande smärre berättelser ur svenska historien (1865), Skarpskyttens ungdomsminnen, historisk berättelse (1867) og Små berättelser om märkliga orter i Sverige (1868).

Den fyrste novella hans, Gud och guld, kom på trykk i 1853. Deretter kom Grafvens son (1859), ein roman frå fyrste halvparten av 1830-talet, Mäster Olofs bröllop (1871), den historiske romanen Engelbrekt Engelbrektsson (1868-69), Taflor ur historien och vår tid (1870), den historiske romanen Öfverste Stålhammar (1870), den historiske romansyklusen Nils Bosson Sture (1870-71), Berättelser ur gamla historien (1871), Historiska bilder (1871), Lifknektens berättelser om händelser ur Gustaf II Adolfs historia (1879).


Kjelder endre