China Central Television
China Central Television, ofte omtala ved forkortinga CCTV, (kinesisk skrift 中国中央电视台, pinyin Zhōngguó zhōngyāng diànshìtái), er det største fjernsynsselskapet i Kina.
China Central Television | |||
| |||
CCTVs nasjonale hovedkvarter i Beijing | |||
Org.form | Offentleg selskap | ||
---|---|---|---|
Skipa | 2. september 1958 | ||
Morselskap | China Media Group | ||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
Produkt | fjernsyn | ||
Nettstad | https://www.cctv.com/, https://big5.cctv.com/, https://english.cctv.com/ (engelsk), http://mn.cctv.com/ (mongolsk), http://mongol.cctv.com/ (mongolsk) |
Historie
endreCCTV kringkasta for første gong den 2. september 1958 under namnet Beijing dianshitai (Beijingfjernsynet), etter prøvesendingar sidan 1. mai. Namnet vart endra til CCTV den 1. mai 1978. I 2008 opna ein det nye hovudkvarteret i Beijing.
Fram til slutten av 1980-talet hadde CCTV, som mange andre kinesiske fjernsynsstasjonar på den tida, berre sendingar på ein kanal. CCTV sendte då berre om kvelden, og sendingane pleide å slutte rundt midnatt. Om sommaren og vinteren sendte CCTV midt på dagen for studentar som hadde ferie. I 2007 hadde CCTV om lag 15 kanalar, blant anna den engelskspråklege CCTV9 som sender heile døgeret.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (en)
- Offisiell nettstad (cn)