Opna hovudmenyen

CFE-avtalen (engelsk Treaty on Conventional Armed Forces in Europe) er ein nedrustingsavtale frå 1990 som vart freista inngått mellom dåverande Warszawapakta og NATO-landa. Avtalen vart underteikna den 19. november 1990 i Paris av dei 22 medlemane av NATO og Warszawapakta, og trødde i kraft i 1992. Warszawapakta vart oppløyst 1. juli 1991, før avtalen skulle setjast i verk.

CFE-avtalen er den mest omfattande nedrustningsavtalen som nokon gong er inngått. Hovudhensikta med avtalen var å få redusert slagkraft for konvensjonelle våpensystem. Det vart sett opp maksimumstal for kvar våpentype for kvar av aust-vest-sidene, og ved fristen for gjennomføring av avtalen i 1995 var reduksjonane praktisk talt gjennomførte. Eit stort tal stridsvogner, pansra kampvogner, artilleriskyts, kampfly og kamphelikopter vart destruerte. Avtalen inneheld òg regler om inspeksjon og kontroll.

Avtalen gjeld for konvensjonelle våpen i Europa frå Atlanterhavet til Uralfjella. Det er eit ufråvikeleg krav at materielltaka skal overhaldast. Medlemslanda skal haldast rettidig informert om mengda av avtalerelatert materiell og plasseringa av materiellet. Avtalen gjev rett og plikt til å gjennomføra og ta imot ei mengd inspeksjonar og/eller evalueringar av militære avdelingar.

HistorieEndra

Forhandlingane før avtalen starta i 1989 etter at MBFR-forhandlingane om MBFR - Gjensidige og balanserte styrkereduksjoner vart avslutta utan avtale. Arbeidet med avtalen vart i 1990-åra ført vidare av KSSE (OSSE) og samarbeidsorganet mellom NATO og den tidligare Warszawapakta, NACC. Etter Sovjetunionen vart oppløyst klaga Russland over skeiv styrkefordeling og kravde derfor endringar i avtalen.

Forhandlingane om å tilpassa CFE-avtalen til nye tryggingspolitiske rammer i Europa resulterte i at «Tilpassing av CFE-avtalen» vart underteikna under OSSE-toppmøtet i Istanbul i 1999. Russland har ratifisert den, men dei andre partane har ikkje ratifisert fordi Russland ikkje har halde dei såkalla «Istanbul-pliktene» som gjaldt tilbaketrekking av styrkar frå Georgia og Moldova.

StatusEndra

I 2007 annonserte Russland at dei mellombels trekte si deltaking i avtalen med verknad frå 12. desember 2007.[1] Etter at Barack Obama overtok som president har USA prøvd å gjenopplive avtalen gjennom forhandlingar med Russland, men forhandlingane har stranda sidan 2011. I 2015 annonserte Russland at dei trekte seg heilt frå deltaking, med grunngjevinga at NATO de facto hadde brote han.[2]

Forvalting i NoregEndra

Avtalen vert forvalta i Noreg av Rustningskontrollseksjonen (RKS)[3] i Forsvaret på vegne av Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet.

ReferansarEndra