Cabernet sauvignon

(Omdirigert frå Cabernet Sauvignon)

Cabernet sauvignon er ei raudvinsdrue som blir dyrka i mange land og brukt i ei rekkje omtykte vinar.

Cabernet sauvignon-druer

Drua stammar frå Bordeaux i Frankrike, men blir i dag dyrka over heile verda, som i California, Chile, Australia, Aust- og Sør-Europa. I franske vinar blir ho ofte blanda med andre druetypar, som cabernet franc eller merlot. I nyare vinområde blir ho gjerne brukt åleine.

Cabernet sauvignon gjev ein lettkjenneleg vinsmak som er solbæraktig og prega av krydder og urter. Vinen er fyldig med høgt garvesyreinnhald. Drua kan også brukast til å laga aromatisk rosévin.

KjelderEndra