Caganer (katalansk uttale kəɣəˈne) er ein liten figur som går igjen i julekrybber i Catalonia, i nærliggjande område og ein del andre stader i Sør-Europa. Figuren viser ein person som huker seg ned for å skita (caganer tyder 'skitaren'). Opphavleg var han ein bondefigur i tradisjonelle katalanske klede, men i nyare tid er det også blitt laga kvinnelege caganerar og figurar som viser ulike samfunnsgrupper eller kjendisar i posituren.[1]

Caganer i tradisjonell utforming med barretina, ein tradisjonell katalansk luetype.
Nyare meir humoristisk caganer.

Historie

endre

Opphavet til caganer-figuren er ukjend, men skal gå tilbake til 1500-talet. [2] Organisasjonen Amics del Caganer ('Vener av caganeren') knyter skikken med caganeren i krybba til framveksten av store barokke krybber seint på 1600- eller tidleg på 1700-talet.[3][4] Figuren blei allment populær på 1800-talet.[5]

I tillegg til i Catalonia er figuren kjend frå nærliggane område i Andorra og Murcia, men også i Portugal, der dei blir kalla cagões,[4][6][7] og i Napoli i Italia, der dei blir kalla cacone eller pastore che caca.[6]

Kjelder

endre
  1. «A traditional Nativity scene, Catalan-style». BBC News. 23. desember 2010. Henta 26. decsmber 2016. 
  2. Laura Desfor Edles, «A Culturalist Approach to Ethnic Nationalist Movements: Symbolization and Basque and Catalan Nationalism in Spain», Social Science History (Cambridge University Press) 23: 330 
  3. Amics del Caganer (Friends of the Caganer). Consulted 23 December 2010.
  4. 4,0 4,1 Garske, M. (December 23, 2010). «Weird Christmas Custom: Spot the Pooping Peasant». AOL News. 
  5. «caganer», Gran Enciclopèdia Catalana. Henta 24. desember 2014.
  6. 6,0 6,1 Arruga, J.; Mañá, J. (1992). El Caganer. Alta Fulla. 
  7. Whittaker, F. (October 11, 2012). «Christmas Traditions Around the World». MSN. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre