Cairn Gorm (Cairngorm) (gælisk An Càrn Gorm, tyder «Blå- eller Grønåsen») er eit fjell i Dei skotske høglanda oppfor Strathspey og byen Aviemore. Med ei høgd på 1245 meter over havet er dette det sjette høgaste fjellet i Storbritannia. Det har gjeve namn til heile fjellkjeda, sjølv om desse åsane i røynda heiter Am Monadh Ruadh (Raudåsane) og ikkje Cairngorms. Cairn Gorm er det mest prominente av fjella i Cairngorm sett frå Speyside, men er ikkje det høgare.

Cairn Gorm
Munro
Cairn Gorm frå Coire an t-Sneachda
Land  Skottland
Del av Grampian Mountains
Topp Cairngorms
 - høgd 1 245 moh.
 - Primærfaktor 145 m
Kart
Cairn Gorm
57°07′00″N 3°38′40″W / 57.116714°N 3.644477°W / 57.116714; -3.644477
Wikimedia Commons: Cairn Gorm

Det meste av nordvestsida av fjellet er utvikla med skiløyper i Coire Cas. I tillegg til skitrekk, snøskjermar og skiløyper, finst det ein kabelbane i dalen på denne sida.

Cairngorm skisenter

Det står ein automatisk vêrstasjon på toppen av fjellet.[1].

Den 21.-22. november 1971 omkom fem elevar frå Ainslie Park High School i Edinburgh og ein instruktør frå Newcastle-under-Lyme i ein snøstorm ved Feith Buidhe på Cairn Gorm.[2]

Kjelder endre

  1. «Cairn Gorm Weather Station». Heriot Watt University. Dept. of Physics. Henta 4. april 2011. 
  2. Aircrew Association: Cairngorm Disaster 1971, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 4. april 2011 

57°07′02″N 3°38′32″W / 57.1171°N 3.6423°W / 57.1171; -3.6423