Callington
Callington (kornisk Kelliwik) er ein by i Cornwall i England. Han ligg mellom Kit Hill og Bodmin Moor i distriktet Caradon.
Callington | ||
---|---|---|
kornisk | Kelliwik | |
Fore Street, hovudgata i Callington | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Cornwall | |
Distrikt | Cornwall | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
4 783 | |
Koordinatar | 50°30′N 4°19′W / 50.500°N 4.317°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PL17 | |
Telefon-retningsnummer | 01579 | |
På 1700-talet var Callingtonområdet eit av dei viktigaste gruveområda på Dei britiske øyane. Det fanst blant anna sølvførekomstar i Silver Valley rett utanfor byen. Det er mange spor etter denne aktiviteten, men all gruvedrift er nedlagt. Ved Hingston Down vert det enno drive eit stort granittbrot.
Det gjekk tidlegare ei sidegrein av jernbanelinja mellom Tavistock og Plymouth med Callington som endestasjon. Denne vart nedlagt i 1960-åra. Næraste togstasjon er sidan det i Bere Alston.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Callington» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.