Camera Camera
Camera Camera Studioalbum av Renaissance | ||
Utgjeve | 1981 | |
Innspelt | Juni 1981 | |
Studio | Herne Place Studios i Sunningdale i Berkshire i England | |
Sjanger | Progressiv rock, new wave | |
Lengd | 45:01 | |
Selskap | Illegal (Storbritannia) I.R.S. (USA) RCA (Italia) Line (Tyskland) | |
Produsent | Renaissance | |
Renaissance-kronologi | ||
---|---|---|
Azure d'Or (1979) |
Camera Camera | Time-Line (1983)
|
Singlar frå Camera Camera | ||
|
Camera Camera er det tiande studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1981.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Etter å ha mista to av fem medlemmar og blitt droppa av plateselskapet sitt, signerte Renaissance for Miles Copeland sitt I.R.S. Records. Dei tapte medlemmane vart erstatta av klaverspelaren og songaren Peter Gosling og trommeslagaren Peter Barron. Mellom det førre Renaissance-albumet og Camera Camera, hadde Annie Haslam og Michael Dunford arbeidd med Gosling som ein trio kalla Nevada, gjeve ut to singlar og spelt inn fleire demoar. Den noko meir new wave-prega stilen til Nevada påverka sterkt Camera Camera. Ein av songane på Camera Camera, «Faeries», var spelt inn tidlegare (men ikkje gjeven ut) av Nevada.[2]
Den originale, britiske utgåva av Camera Camera frå 1981, inkluderte ikkje singelen «Bonjour Swansong», men denne songen er med på alle utgjevingar av albumet sidan 1982.[3]
Dette var det siste Renaissance-albumet med tekstar av diktaren Betty Thatcher. Ho skreiv teksten til «Bonjour Swansong» som «eit privat farvel til gruppa.»[4]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Camera Camera» | Jon Camp, Michael Dunford | 6:01 |
2. | «Faeries (Living at the Bottom of the Garden)» | Dunford, Peter Gosling | 3:45 |
3. | «Remember» | Dunford, Betty Thatcher | 4:33 |
4. | «Bonjour Swansong» (ikkje på den britiske utgåva frå 1981) | Dunford, Thatcher | 3:32 |
5. | «Tyrant-Tula» | Camp, Dunford | 5:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Okichi-San» | Dunford, Thatcher | 6:00 |
7. | «Jigsaw» | Dunford, Thatcher | 5:00 |
8. | «Running Away from You» | Camp | 3:35 |
9. | «Ukraine Ways» | Camp, Dunford | 6:37 |
Medverkande
endre- Renaissance
- Annie Haslam - solo- og korvokal
- Michael Dunford - gitarar, korvokal
- Peter Gosling - klaverinstrument, korvokal
- Jon Camp - bass, korvokal, gitarar
- Peter Barron - trommer, korvokal, perkusjon
- Produksjon
- John Acock - lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Camera Camera (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mason, Stewart. «Camera Camera - Renaissance | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 6. april 2020.
- ↑ Liner notes from the Nevada samlealbum Pictures in the Fire, released in 2000
- ↑ Renaissance Diskografi
- ↑ Liner notes from the CD reissue of Camera Camera