Campbelløyane

(Omdirigert frå Campbell-øyane)

Campbelløyane (engelsk Campbell Islands) er den sørlegaste av dei fem subantarktiske øygruppene som tilhøyrer New Zealand. Øygruppa ligg ca. 70 mil sør for Sørøya. Den største av dei er Campbelløya. Denne har namn etter Robert Campbell, den australske eigaren av skipet som oppdaga øyane.[2] Campbelløyane utgjer saman med dei andre newzealandske subantarktiske øyane eit verdsarvområde på grunn av sitt rike og særeigne biologiske mangfald.

Campbelløyane
Campbell Islands
øy
Landskap på Campbelløya.
Land  New Zealand
Del av New Zealand Subantarctic Islands
Areal 113[1] km²
Kart
Campbelløyane
52°32′56″S 169°08′59″E / 52.548888888889°S 169.14972222222°E / -52.548888888889; 169.14972222222
Wikimedia Commons: Campbell Island
Kart over øyene.

Geografi endre

Campbelløyane ligg ca. 700 km sør for Sørøya og 270 km søraust for Aucklandøya. Øyane dekkjer om lag 113 km², og Campbelløya (Campbell Island) er den desidert største. Ho er omgjeven av fleire småøyar og skjer, mellom anna Dent Island, Folly Island, Isle de Jeanette Marie og Jacquemart Island. Eit lite namnlaust skjer 50 meter sør for Jacquemart-øya er det sørlegaste punktet på New Zealand, om ein ser bort frå kravområdet til New Zealand i Antarktis.

Campbelløya er bratt og kupert, og hever seg 569 moh. på Mount Honey. Øykysten er dominert av høge klipper. Det finst tre naturlege hamner på austsida av øya. Campbelløya er danna av dei eroderte restane av ein stor skjoldvulkan.[3]

Klima endre

Øyane har eit kaldt, vått og vindfullt klima. Kvart år har dei berre 650 timar med skyfri himmel, og ein del av året er det berre 1 time solskinn i løpet av 215 dagar. Det regner gjennomsnittleg 325 dagar av året, og vinden bles over 27 sekundmeter minst 100 av dagane i året. Gjennomsnittleg årstemperatur er 6 °C, og er sjeldan over 12 °C.

Flora og fauna endre

På øyane hekkar seks artar av albatross, mellom anna svartbrynalbatross, gråhovudalbatross, gråalbatross og ein liten populasjon av Diomedea antipodensis gibsoni (engelsk Gibson's albatross). Fleire truga og endemiske fugleartar held også til på øyane.

Campbellanda blei gjeninnført på øyane i 2004 etter mange års fråvære. Tidlegare var desse fuglane alvorlig truga av rotter som var blitt innført på øyane, og det var først då rottene blei fjerna at endene kunne førast tilbake. Andre framande artar som er blitt fjerna frå øyane er storfe og kattar.

Øyane har eit rikt planteliv, rundt 128 artar av karplantar. Av desse er fleire endemiske. Det finst rundt 50 artar av innførte plantar på øya.

Historie endre

Campbelløyane blei oppdaga i januar 1810 av kaptein Frederick Hasselburgh med fartøyet «Perseverance». Hasselburg kalte opp øyane opp etter arbeidsgjevaren sin, Robert Campbell frå Campbell & Co. i Sydney.

Selfangst blei den første industrien på øya. Etter at selane var utrydda, blei fokuset endra til kvalfangst. På eit tidspunkt var det to kvalfangststasjonar på øya.

I 1895 blei det starta kvegdrift her, men denne blei etterkvart ulønsam, og blei lagt ned i 1931. Noko kveg og sauer blei verande på øya fram til 1987. I 1954 blei øygruppa proklamert som naturreservat. I 1998 blei Campbelløyane og resten av dei subantarktiske øygruppene til New Zealand ein del av UNESCO si verdsarvliste.[4] The Campbell Island/Moutere Ihupuku Marine Reserve ble opprettet i 2014.

Kjelder endre

  1. Department of Conservation
  2. The Antarctic Dictionary
  3. Taonga, New Zealand Ministry for Culture and Heritage Te Manatu. «Campbell Island». www.teara.govt.nz (på engelsk). Henta 12. februar 2016. 
  4. Centre, UNESCO World Heritage. «New Zealand Sub-Antarctic Islands». whc.unesco.org (på engelsk). Henta 12. februar 2016. 

52°32′S 169°09′E / 52.533°S 169.150°E / -52.533; 169.150