Campbell Crest
Campbell Crest er eit fjell med ei høgd opp mot 1670 moh ved vestenden av Bowditch Crests på Bermel Peninsula, på Bowman Coast i Graham Land. Fjellet er det høgaste punktet i Bowditch Crests og vart fotografert under flyturane til sir Hubert Wilkins i 1928 og Lincoln Ellsworth i 1935. Det vart grovt kartlagd frå Ellsworth sine bilete av W.L.G. Joerg i 1937, og seinare fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i 1940 og U.S. Navy i 1966. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1993 etter Jon C. Campbell. Campbell var ein geograf i U.S. Geological Survey (USGS) frå 1981, USGS-medlem i International GPS Campaign ved McMurdo-basen, Byrd-stasjonen og Amundsen-Scott-stasjonen frå 1991-92 og sekretær for Advisory Committee on Antarctic Names under U.S. Board on Geographic Names sidan 1993.
Campbell Crest | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 1 670 moh. | ||
- koordinatar | 68°30′S 65°27′W / 68.500°S 65.450°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Campbell Crest 68°30′S 65°27′W / 68.5°S 65.45°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Campbell Crest» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Campbell Crest» (innhald frå Geographic Names Information System).