Can't Seem to Make You Mine

Can't Seem to Make You Mine
Singel av The Seeds
frå albumet The Seeds
B-side

«Daisy Mae»

Utgjeve Mars 1965
Innspelt 1965
Sjanger Garasjerock[1]
Lengd 2:31
Selskap GNP Crescendo
Tekstforfattar Sky Saxon
Låtskrivar(ar) Sky Saxon
Produsent Marcus Tybalt
The Seeds-kronologi 
Can't Seem to Make You Mine «Pushin' Too Hard»
(1965)


«Can't Seem to Make You Mine» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Seeds, skriven av vokalisten Sky Saxon og produsert av Marcus Tybalt. Han vart gjeven ut på singel i 1965, og igjen i 1967, då han nådde 41. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.

Songen kom med i samleboksen Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968 frå 1998 og er blitt spelt av artistar som Ramones, Alex Chilton, Johnny Thunders, Yo La Tengo, Garbage og Rumspringa.

Innspeling og utgjeving endre

«Can't Seem to Make You Mine» var den første songen The Seeds spelte inn i følgje klaverspelaren Daryl Hooper. «Sky gjekk rundt på dørene med songen til forskjellige plateselskap og me fekk som regel 'me ringjer dykk' til svar. Crescendo likte av ein eller annan grunn songen og dei sa dei ville ta oss til eit studio. Då Sky kom i studio gav han verkeleg alt i vokalen sin.»[2]

Songen kom ut på singel i mars 1965 og vart først spelt på radiostasjonen KBLA i Santa Monica. Sky Saxon fortalte i eit intervju i 2006: «dei brukte å spele 'Can't Seem to Make You Mine' så seint som klokka to på natta. KRLA og resten av stasjonane hoppa på seinare, men det var KBLA som var først ute og folk heldt seg opp for å høyre han.»[3]

Songen vart ein hit i California, men gjekk ikkje inn på den nasjonale hitlista før han kom ut på ny i 1967, etter at «Pushin' Too Hard» hadde gått inn på Topp 40 i USA.[4][5] «Can't Seem to Make You Mine» nådde 33. plassen i Canada og 41. plassen i USA på Billboard Hot 100-lista.[6]

Songen inneheld ein pianosolo med gitarakkompagnement.

Det vart òg laga ein radioversjon av songen, der repetisjonen av mellomspelet og eine verset vart fjerna. Songen inneheld ein talt dialog av Saxon før det siste verset.

Omtale endre

Musikkskribenten Malcolm Russell skildra songen som «ein langs, sint song som synte den unike songstilen til Saxon - ei nasal snerring poengtert med hyl, rop og bjeff.»[7] Songen er blitt kalla ein «garasjerockklassikar» av forfattarane Will Hodgkinson og Stephen Thomas Erlewine, og kom med i samleboksen Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968 i 1998.[8][9][10] Songen vart plassert på fjerdeplassen på lista til Paste Magazine i 2014 over dei 50 beste garasjerocksongane gjennom tidene.[11]

Andre versjonar endre

Alex Chilton spelte denne songen i 1978 på singelen «Bangkok».[12] Johnny Thunders og Patti Palladin spelte inn songen i 1988 på albumet deira, Copy Cats.[13] The Ramones spelte songen i 1993 på albumet Acid Eaters.[14] Yo La Tengo spelte ein versjon av songen i 1995 på EP-plata Camp Yo La Tengo.[15] Garbage gav ut ein versjon på B-sida til singlane «When I Grow Up» og «The Trick Is to Keep Breathing» i 1999.[16] Murder City Devils spelte inn songen i 1999 på ei delt plate med Gluecifer.[5] Diplo sampla songen på ein remix av Spank Rock sin «Put That Pussy on Me» i 2005.[17] Spirits in the Sky, ei supergruppe leia av Billy Corgan, framførte songen på ein minnekonsert for Sky Saxon den 24. juli 2009 i Los Angeles.[18]

Songen er nytta i filmane Cop Land (1997) og Secretary (2002) og eit kort klipp kan høyrast i Netflix-serien Stranger Things (2016).[19]

Salslister endre

Liste (1967) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[6] 41
U.S. Cash Box Top 100[20] 55
Canada RPM Magazine 33

Kjelder endre

  1. Stiernberg, Bonnie. «The 50 Best Garage Rock Songs of All Time». Paste. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 30. april 2018. 
  2. Kubernik, Harvey (2009). Canyon of Dreams: The Magic and the Music of Laurel Canyon. New York: Sterling Publishing. s. 51. ISBN 978-1-4027-6589-6. 
  3. Locey, Bill (21. desember 2006). «Flower Power Trip». Ventura County Star. s. Time Out. 
  4. Koch, Bob (27. juni 2009). «Vinyl Cave: Moonwalking into sunlight with Michael Jackson and Sky Saxon». Isthmus. Henta 29. april 2018. 
  5. 5,0 5,1 Strong, Martin Charles (2003). The Great Indie Discography (2nd utg.). Edinburgh: Canongate Books. ISBN 978-1-84195-335-9. 
  6. 6,0 6,1 Whitburn, Joel (2008). Joel Whitburn Presents: Across The Charts The 1960-åra. New York: Record Research. s. 342. ISBN 978-0-89820-175-8. 
  7. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock (3rd utg.). London: Rough Guides. s. 915. ISBN 978-1-84353-105-0. 
  8. Hodgkinson, Will (2006). Guitar Man: A Six-String Odyssey, or, You Love that Guitar More than You Love Me. Cambridge, MA: Da Capo Press. s. 95. ISBN 978-0-306-81514-0. 
  9. Erlewine, Stephen Thomas. «'Flower Punk' - The Seeds - Review». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  10. «'Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968' - Overview». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  11. Stiernberg, Bonnie (30. april 2018). «The 50 Best Garage Rock Songs of All Time». Paste Magazine. Henta 30. april 2018. 
  12. «'Bangkok/Can't Seem to Make You Mine' - Overview». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  13. Schoemer, Karen (April 1989). «Spin Offs». Spin (SPIN Media LLC) 5 (1): 113. ISSN 0886-3032. 
  14. «Album Reviews». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 106 (3): 44. 15. januar 1994. ISSN 0006-2510. 
  15. Robbins, Ira. «Trouser Press - Yo La Tengo». Trouser Press. Henta 29. april 2018. 
  16. Strong, Martin Charles (2006). The Great Rock Discography. Edinburgh: Canongate Books. s. 431. ISBN 978-1-84195-860-6. 
  17. Cantalini, Chris (25. august 2007). «Can't Seem to Make You Mine». Gorilla vs. Bear. Henta 29. april 2018. 
  18. Bronson, Kevin (29. august 2009). «Billy Corgan, Dave Navarro Debut 10 Songs». Spin. Henta 29. april 2018. 
  19. «Sky Saxon - Filmography». IMDb.com. Henta 29. april 2018. 
  20. «Cash Box Top 100 6/3/67». Cashbox Magazine, Inc. Henta 29. april 2018.