Cannonball Adderley
Julian Edwin «Cannonball» Adderley (15. september 1928–8. august 1975) var ein amerikansk jazz-alt- og sopransaksofonist (sopran etter 1968) frå hard-bop-æraen på 1950- og 1960-talet.
Cannonball Adderley | |||
| |||
Fødd | 15. september 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tampa | ||
Død | 8. august 1975 (46 år) | ||
Dødsstad | Gary | ||
Fødenamn | Julian Edwin Adderley | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1955–1975 | ||
Sjanger | jazz, hard bop, modaljazz, bebop | ||
Instrument | saksofon, altsaksofon | ||
Plateselskap | Blue Note, Capitol Records, EmArcy, Fantasy Records | ||
Verka som | orkesterleiar, dirigent, saksofonist, komponist, jazzmusikar, musikkprodusent | ||
Prisar | Grammyprisen for beste instrumentalalbum innen jazz |
Liv og karriere
endreOpphavleg arbeidde han som musikklærar, men blei tidleg yrkesmusikar innan den varianten av jazzen som blir kalla småbandsjazz (combo).
Han blei kjent over heile USA etter at han i oktober 1957 blei med i Miles Davis Sextet saman med Davis (trompet), John Coltrane (tenorsaksofon), Paul Chambers (bass), Jimmy Cobb (trommer) og til vanleg òg Bill Evans (piano). Adderley spelte på dei legendariske Miles Davis-albuma Milestones og ikkje minst på Kind of Blue.
I september 1959 forlét han Miles Davis og starta sin eigen kvintett, Cannonball Adderley Quintet, saman med mellom andre broren Nat Adderley (kornett), Joe Zawinul (piano) og Art Blakey (trommer).
Julian Cannonball Adderley leid heile livet gjennom av diabetes. Tilnamnet «Cannonball» skal ha komme av ein medelev som ville kalle han «kannibal» fordi han alltid var svolten. Dette blei til «Cannonball», kanskje på grunn av kroppstorleiken. Som ein sannsynleg følgje av sjukdommen og vektproblema døydde han brått i 1975 av eit slaganfall, seks veker etter dei siste opptaka til dei siste albuma hans. Han er gravlagd i Tallahassee, Florida.
Joe Zawinul sa om Cannonball Adderley:
- «Han er den mest undervurderte musikaren på 1900-talet. Nesten ingen snakkar om Cannonball, men han var ein gigant. Han var seg sjølv. Han spelte ikkje som Charlie Parker. Han spelte som ingen andre.»[1]
Diskografi i utval
endre- Julian Cannonball Adderley - Presenting Cannonball (1955, Savoy)
- Julian Cannonball Adderley - Same (1956, EmArcy)
- Gil Evans: New Bottle, Old Wine (Pacific Jazz, 1958)
- Julian Cannonball Adderley - Somethin' Else (1958, Blue Note) med Miles Davis og Art Blakey
- Cannonball Adderley Quintet - Live in San Francisco (1959, Riverside) (1999, tatt opp i «Grammy Hall of Fame»[2])
- Cannonball Adderley Quintet - At the Lighthouse (1960, Riverside)
- Cannonball Adderley and His Orchestra - African Waltz (1961, Riverside)
- Cannonball Adderley with Bill Evans - Know What I Mean? (1961, Riverside)
- The Cannonball Adderley Quintet Plus (1961, Riverside)
- Cannonball Adderley Sextet - In New York (1962, Riverside) med Yusef Lateef (ts, fl, Oboe)
- Cannonball Adderley Sextet - Nippon Soul (1963, Riverside) live in Tokyo
- Cannonball Adderley Quintet - Mercy, Mercy, Mercy! - Live at "The Club" (1966, Capitol)
- Cannonball Adderley Quintet - Accent on Africa (1968, Capitol) med Letta Mbulu
- Cannonball Adderley Quintet - Country Preacher (1969, Capitol)
- Cannonball Adderley - The Black Messiah (1970, Capitol)
- Cannonball Adderley - Phenix (1974, Fantasy)
Referansar
endre- ↑ «Joe Zawinul. Man of the people», intervju 30. august og 18. september 1997, sitat av Zawinul i intervjuet: «He’s the most underrated musician of the century. Hardly anybody talks about Cannonball, but he was a giant. He was his own guy. He didn’t play like Charlie Parker. He played like no-one else.»
- ↑ Liste over opptak i Hall of Fame, arkivert frå originalen 19. februar 2011, henta 2. desember 2011
Litteratur
endre- David N. Baker: The Jazz style of Cannonball Adderley. A musical and historical perspective. Studio 224, Lebanon, In. 1980
- Chris Sheridan: Dis here. A bio-discography of Julian "Cannonball" Adderley. Greenwood Press, Westport, Conn. 2000. ISBN 0-313-30240-5