Kind of Blue
Kind of Blue Studioalbum av Miles Davis | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 17. august 1959 | |
Innspelt | 2. mars og 22. april 1959 | |
Sjanger | Cool jazz | |
Lengd | 45:44 | |
Selskap | Columbia Records | |
Produsent | Irving Townsend | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Miles Davis-kronologi | ||
1958 Miles (1958) |
Kind of Blue | Sketches of Spain (1960)
|
Kind of Blue er det åttande studioalbumet til Miles Davis. Musikken blei spelt inn 2. mars og 22. april 1959 i New York City, og kom ut 17. august 1959 på Columbia Records. Albumet blir rekna som ein av dei store milepålane i jazzen si historie.
Opptak
endreOpptaket fann stad over to dagar i eit studio i 30. Street, New York der det tidlegare låg ei kyrkje. Musikarane til Davis fekk tariffløn som studiomusikarar, den gong 48,50 US-dollar for ei økt på tre timar. Chambers, Adderley og Coltrane kravde 100 dollar i tillegg, noko dei òg fekk.
Ei hardnakka legende[1] skal ha det til at spora på albumet er spelt inn ein einaste gong og heile opptaket brukt uendra på albumet. Dette er ikkje heilt korrekt, berre bonussporet med «Flamenco Sketches» er eit slikt «first take». Rett nok er ingen av spora spelt gjennom i sin heilskap meir enn éin gong (igjen unnateke «Flamenco Sketches» som blei spelt inn to gonger), men av ulike grunnar (lydproblem, dårleg spelt) blei opptaka avbrotne fleire gonger før det lukkast å fullføre som planlagt. Grunnprinnsipp for opptaka var at alle stykka skulle spelast i eit moderat tempo, og at musikarane ikkje skulle sjå komposisjonane før dei var komne i studio for ikkje å falle tilbake til rutinane sine.[1]
Betydning
endreSamanlikna med i bebopen, der harmoni og dermed skala endrar seg for nesten kvar einaste takt, er soloane på Kind of Blue langsame med langt utheldne tonar, eit kjenneteikn på den modale jazzen som var ganske ny på den tid albumet kom ut. I modal jazz kan den same harmonien haldast uendra over 16 eller fleire takter, noko som opnar heilt nye moglegheiter for musikarane.
Kind of Blue blir rekna som paradedømet på modal jazz og skal ifølge RIAA til nå ha vorte seld i 4 millionar eksemplar i USA og 6 millionar på verdsbasis, noko som gjer det til det mest selde jazzalbumet i historia.[2] Eineståande for dette albumet er at den kommersielle suksessen er «i tråd med den kunstnarlege betydninga».[3]
Musikkmagasinet Rolling Stone, The Penguin Guide to Jazz og Allmusic gir alle albumet beste karakter (fem stjerner).
Sporliste
endrePå platecoveret blir Miles Davis kreditert for alle komposisjonane, men det er nå ei vanleg oppfatning at Bill Evans heilt eller dels skreiv «Blue in Green» og «Flamenco Sketches»,[4] den sistnemnde er ei omarbeiding av Bill Evans-låta «Peace Piece». Bill Evans førte opp både seg sjølv og Miles Davis som opphavsmenn for «Blue in Green» da han brukte den på albumet Portrait in Jazz og bustyret for Miles Davis krediterte i 2002 Evans sitt forfattarskap.[5] Gil Evans skreiv introen til «So What», og den er i sin tur basert på opningstaktene i Claude Debussy sin Voiles (1910), det andre preludiet i den første preludiesamlinga hans.[6]
- «So What» (Davis) - 9:25
- «Freddie Freeloader» (Davis) - 9:49
- «Blue in Green» (Davis) - 5:37
- «All Blues» (Davis) - 11:35
- «Flamenco Sketches» (Davis) - 9:25
- «Flamenco Sketches», alternativ versjon (Davis) - 9:32 - ikkje med på originalalbumet)
Musikarar
endre- Miles Davis - trompet, leiar
- Cannonball Adderley - altsaksofon
- John Coltrane - tenorsaksofon
- Bill Evans - piano (ikkje med på «Freddie Freeloader»), covertekst
- Wynton Kelly - piano på «Freddie Freeloader»
- Paul Chambers - bass
- Jimmy Cobb - trommer
Litteratur
endre- Palmer, Robert (1997). «Liner Notes to 1997 Reissue». Kind of Blue (CD). New York, NY: Sony Music Entertainment, Inc./Columbia Records.
- Kahn, Ashley (2001). Kind of Blue: The Making of the Miles Davis Masterpiece. foreword by Cobb, Jimmy, Da Capo Press, USA. ISBN 0-306-81067-0.
- Blumenthal, Bob (2001). «Liner Notes, Miles Davis at Newport 1958». Columbia/Legacy CK85202.
- Nathan Brackett, Christian Hoard (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Completely Revised and Updated 4th Edition. Simon and Schuster. ISBN 0-74320-169-8.
- Richard Cook, Brian Morton (2002). The Penguin Guide to Jazz on CD. Edition 6. Penguin. ISBN 0140515216.
Bakgrunnsstoff
endre- ModalJazz.com
- Miles Davis: 'Kind of Blue' program i National Public Radio sitt Jazz Profiles serie
- 'Kind of Blue' på MILESTONES:A Miles Davis Collector's Site Arkivert 2009-01-16 ved Wayback Machine.
- Miles Davis: Kind Of Blue Arkivert 2011-09-12 ved Wayback Machine., arte, 8. september 2006 i serien «30 Jahrhundertaufnahmen des Jazz», av Bert Noglik
- Omtale i Rolling Stone Arkivert 2010-12-21 ved Wayback Machine.
- [Kind of Blue på Allmusic Omtale i AllMusic]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Vgl. H.-J. Schaal, Jazz-Standards. Das Lexikon Kassel 2004 (3. opplag), s. 26
- ↑ «Gold & Platinum Search: Kind of Blue». RIAA. 7. oktober 2008. Henta 26. november 2011.
- ↑ Rondo 2008
- ↑ Kahn, s. 299a.
- ↑ Kahn, s. 299b.
- ↑ Kahn, p. 178.
13: The Velvet Underground and Nico The Velvet Underground |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 12 Kind Of Blue Miles Davis |
11: Sunrise Elvis Presley |
32: Lemonade Beyoncé |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 31 Kind of Blue Miles Davis |
30: Are You Experienced Jimi Hendrix |