Cantus firmus-messe

Cantus firmus-messa er ei gjennomkomponert messetype som kom i bruk i løpet av 1400-talet. Stilen er gjerne knytt til Guillaume Dufay, men var og nytta av Johannes Ockeghem og Jacob Obrecht. Dei første messene av dette slaget sette syklusen kring ein cantus firmus i Tenor, etter skikken i organum, men seinare vart dette bytt på til mellom anna diskanten eller sopranen.

Det er føreslått at denne sida blir fletta med Cantus firmus. (Sjå eventuelt diskusjon)

Det er hevda at dei første forsøka innanfor denne stilen nådde kontinentet frå England kring 1400. Ein av dei engelske komponistane i tida var Leonel Power, som bygde messekrinsar over kjende gregorianske førelegg. Leonel Power kan ha nytta prinsippa i ein isorytmisk motett, og utvikla dei til å gjelde ei heil messe.

Guillaume Dufay skreiv ei lang rekkje messer i denne stilen. Den tidlegaste er frå om lag 1430 (Missa se la face ay pale), over ei vise han sjølv hadde laga. Dufay nytta mykje talsymbolikk i verka sine, ikkje minst i desse. Kvar frase av cantus firmus vart teken oppatt etter faste mønstre. Slik utvikla og Dufay messestrukturen vidare.

Med tida vart det vanleg å nytte meir enn ein melodi som cantus firmus i desse messene. Seine verk av Dufay nyttar to eller tre cantus firmi. Dei første messene over L`homme armée er skrivne som cantus firmus-messer.

Grunnen til at denne messa var nytta, var av di dei synte tydeleg melodisk einskap og samanheng. Valet av cantus firmus kunne ha ein liturgisk funksjon, og alle ledda opna på same vis.

Oppbygging endre

Alle messeledda var bygde kring den same grunnmelodien, og gjekk i same toneart. Cantus firmus var nøytral i høve ordinarieledda. Ein skulle ikkje nytte dei melodiane som alt fanst i dei faste ledda. Desse var ukrenkjelege. Melodiane kunne vera frå proprieledda, andre religiøse hymnar eller folkeviser.

Dufay sette støtt denne melodien i tenor, i lange verdiar. Ofte song tenor den opphavlege teksten, medan messeteksten vov seg ikring han i dei andre stemmene.

I kyrien var det vanleg at alle stemmene sette inn på likt. Elles i messa tok det noko tid før cantusen sette inn, gjerne i lag med bassen.

Nokre stader i messa tagde cantus firmus. Dette var i Christe Eleison, Pleni sunt Caeli (midt i Sanctus), i Benedictus, og i midten av Agnus Dei. Desse delane vart skrivne for to eller tre stemmer.

Alle satsane byrja med det same hovudtemaet, i tillegg til cantus firmus.

Kjende messer innanfor stilen endre

Av Dufay:

av Jacob Obrecht: