Kapp Verdehalvøya
Kapp Verdehalvøya (fransk Cap Vert) er ei halvøy i Vest-Afrika som dannar det vestlegaste punktet på det afrikanske fastlandet.[1] Halvøya er ein klipperikt odde som strekker seg utover frå det sandrike landet i Senegal. Ho har form som ein trekant med sidelengder på omlag 15 km.
Kapp Verdehalvøya | |||
halvøy | |||
Land | Senegal | ||
---|---|---|---|
Kapp Verdehalvøya 14°44′41″N 17°31′13″W / 14.744722222222°N 17.520277777778°W | |||
Wikimedia Commons: Cap-Vert |
Halvøya blei kalla «Cabo Verde» ('Det grøne kappet') av portugisiske oppdagingsreisande kalla, og har gjeve namn til øygruppa Kapp Verde, som ligg kring 560 km mot vest i Atlanterhavet. Det vestlegaste punktet på halvøya ligg i søraust og blir kalla Pointe des Almadies.[1]
Hovudstaden i Senegal, Dakar, ligg ved sørspissen av Cap Vert, der det ligg ei god naturleg hamn. På nordsida ligg Dakar lufthamn, Léopold Sédar Senghor International Airport, som spelte ei viktig rolle som mellomlandingsplass for amerikanske fly under andre verdskrigen.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Askheim, Svein (7. november 2021). «Kapp Verdehalvøya». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- Denne artikkelen bygger på «Cap Vert» frå Wikipedia på dansk, den 20. februar 2022.