Cape Coast (tidl. portugisisk namn Cabo Corso) er ein by i Ghana, ved Guineabukta. Han er hovudstad for Central Region. Byen ligg ca. 165 km vest for den ghanesiske hovudstaden Accra.

Cape Coast
by
Land  Ghana
Kart
Cape Coast
5°06′N 1°15′W / 5.1°N 1.25°W / 5.1; -1.25
Wikimedia Commons: Cape Coast

Historie endre

 
Cape Coast sentrum

Byen blei opphavleg grunnlagd av portugisarane på byrjinga av 1600-talet som ein handelsstasjon. Det blei først bygd eit handelsfort, og byen voks fram rundt dette fortet. Portugisarane handla opphavleg med ashantiar og andre folkegrupper om gull, jordbruksvarer og liknande. Seinare utvikla staden seg til ein av dei sentrale handelsstasjonane for slavehandel. Byen blei seinare tatt over av nederlendarane, som bygde ut fortet til eit slott i 1637. Dette blei vidare bygd ut av svenskane i 1652, og erobra av britane i 1664. Danmark-Noreg kontrollerte òg Cape Coast ei tid. Britane brukte Cape Coast som hovudsetet sitt for sine operasjonar på Gullkysten, før dei gjorde Accra til hovudstad for Gullkysten i 1877. Cape Coast Castle er framleis bevart i byen, og står no på UNESCO si liste over verdsarv. Eit anna fort frå 1820, Fort William, ligg på ei høgde over byen.

Kjelder endre