Capsien er namnet på ein mellomsteinaldersk kultur som fanst i innlandet av Nord-Afrika om lag 8000–2700 f.Kr.

Utstrekking av capsienkulturen (turkis felt) og den noko tidlegare iberomaurusiske kulturen.

Arkeologiske funn etter capsien er mikrolittar og flintknivar. Kulturen minner mykje om den tidlegare iberomaurusiske i nærleiken, men hadde eit vidare verktøysett som omfatta store einegga blad, flintstikker og seinare geometriske mikroflekker.

Capsien har etterlate seg kjøkkenmøddingar som tyder på at folk nytta ressursane etter sesong. Nokre holemåleri er også tilskrivne capsienfolka.

Kulturen har namn etter den tunisiske byen Gafsa, som under romersk tid heitte Capsa.

Kjelder endre