Carelius Larsmon

Carelius Pedersen Larsmon (1. mars 185315. februar 1920) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Brandval i Hedmark. Han var medlem av Venstre.

Carelius Larsmon
Fødd 1. mars 1853
Død

15. februar 1920 (66 år)

Yrke politikar

Larsmon var son til ein gardbrukar. Frå 1868 dreiv han gard i Østmarka sokn, frå 1879 på farsgarden til kona, Larsmoen. Han var i tillegg trelasthandlar. Larsmon var i periodane 1881-1907 og frå 1911 medlem av heradsstyret i Østmarka. Han var ordførar frå 1897 til 1907 og på ny frå 1911. Elles var han skulestyreformann og forlikskommissær.

Carelius Larsmon representerte Vinger og Odalens krins på Stortinget 1910-12. Han var medlem av Lagtinget og næringskomité nr 2.

KjelderEndra