Carl-Erik Torp

norsk fotballspelar

Carl-Erik Torp (fødd 17. september 1984) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kolbotn. I 2011-sesongen spelte han for Tippeligaklubben SK Brann. Han gjekk til Brann frå Kongsvinger IL Toppfotball 11. november 2010. Han spelte den første Brann-kampen sin i første serierunde i 2011, 20. mars 2011.

Carl-Erik Torp
Personleg informasjon
Fødd 17. september 1984 (40 år)
Fødestad Kolbotn
Posisjon Midtbanespelar
Ungdomsklubbar
Noreg Kolbotn
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)

2006
2007–2010
2011
Noreg Kolbotn
Noreg Manglerud/Star
Noreg Kongsvinger
Noreg Brann

23 (2)
110 (12)
23 (0)[1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. januar 2012

Hjartestans i 2011

endre
 
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Sundag 25. september spelte Torp for Brann i ein bortekamp mellom Brann og Sogndal Fotball. Under kampen fall Torp om og fekk hjartestans. Han vart straks flogen til Haukeland Sjukehus i luftambulanse, og overlevde.[2] Etter dette måtte han leggja opp som toppfotballspelar.

Fotnotar

endre
  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. Bergensavisen, 26.09.11: Fotball betyr ingenting nå

Bakgrunnsstoff

endre