Koordinatar: 59°48′40.3164″N 10°48′0.1548″E

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kolbotn i Tynset.
Kolbotn
stad
Kolben kulturhus
Land  Noreg
Kart
Kolbotn
59°48′40″ N 10°48′0″ E
Wikimedia Commons: Kolbotn

Kolbotn er ein tettbygd stad i Nordre Follo kommune i Oppegård i Viken. Han var administrasjonssentrum i tidlegare Oppegård kommune. Kolbotn ligg like ved Kolbotn stasjonØstfoldbanen, 13 kilometer sør for Oslo sentrum. Kolbotn er ein del den samanhengande busetnaden sørover frå Oslo til Langhus i Ski kommune.

Namnet «Kolbotn» kjem frå eit gardsnamn, norrønt Kolabotn og seinare Kullebund,[1] som har samanheng med at det vart brunne trekol her tidlegare.[2]

Kolbotn stasjonØstfoldbanen opna i 1895.[3] Deretter vart det bygd ei rekkje bustader og sentrumsbygg her.[1]

Kolbotn kyrkje
Foto: Torstein Furnes

På Fløysbonn i aust og Mastemyr i vest er det ein del næringsverksemd, har mellom anna husa Kodak, Volvo Norge og hovudkontoret til IBM Norge på grensa til Oslo i nord.

Kolbotn kyrkje er ei steinkyrkje i mellomalderstil som blei bygd i 1932.[2]Pinsekirken Kolbotn blei stifta i 1933 som ein kyrkjelyd tilslutta den norske pinserørsla.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Denne middelaldergården er Kolbotn sentrum», www.oblad.no (på norsk), 22. mars 2015, henta 14. september 2020 
  2. 2,0 2,1 Askheim, Svein (16. juni 2020). «Kolbotn». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Kolbotn». Bane NOR. Henta 11. januar 2020.