Carl Ferdinand Andresen
Carl Ferdinand Andresen (24. juni 1824–14. februar 1890) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiania.
Carl Ferdinand Andresen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juni 1824 Christiania |
Død |
14. februar 1890 (65 år) |
Yrke | bergmeister, direktør, politikar |
Språk | norsk |
Far | Nicolai Andresen |
Carl Ferdinand Andresen på Commons |
Han var son til kjøpmann Nicolai Andresen. Etter han vart student i 1841 utdanna han seg til cand.min. (bergvitskap) i 1846. Frå 1849 arbeidde han i ymse stillingar ved Kongsberg sølvverk, sist som hytteskrivar frå 1854. Tiåret 1856-66 var han driftsstyrar ved «Vinorens sølvverk» I 1866 byrja han som direktør ved Kongsberg sølvverk, administrerande direktør 1869-85. Til sist tollkasserar i Arendal fram til han døydde i byen i 1890.
Andresen var i 1865 medlem av kommisjonen om Kongsberg sølvverk, i 1865 av kommisjonen om pengestellet, og i 1875 formann i kommisjonen om bergverkslova. Han var ordførar i 1865 og styreformann («direktør») i den lokale sparebanken.
Tingbolken 1871-73 representerte han Kongsberg på Stortinget, der han var sekretær i næringskomite nr 1. Perioden 1880-82 var han varamann for same valkrinsen, møtte i 1881- og 1882-sesjonen i staden for avdøde Jens Landmark. Han var då medlem av militærkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Carl Ferdinand Andresen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv